WOW
september 3 2010 - In: Ynskjeleg onepointhalf
september 3 2010 - In: Ynskjeleg onepointhalf
august 26 2010 - In: Sjå til Sverige, Sko onepointhalf
august 25 2010 - In: Livet onepointhalf
Oi, her har tida flydd. Dagane flyr forsåvidt også, det skjer mykje på ei gong og døgnet er for kort. Men snart ventar biletregn frå ein fantastisk tur til Polen! Til dess får de nøya dykk med herremannen under. Eldre menn er forresten noko av det søtaste og finaste som fins, tykkjer eg. Som eit ekte og altfor levande bilete på livet. Eg tek meg ofte i å undra over korleis dei såg ut då dei var på min alder, korleis dei var og kva dei snakka om. Spanande er dét, og fine er dei.
august 15 2010 - In: Bergen, Livet onepointhalf

august 14 2010 - In: Sjå til Danmark, Sko onepointhalf
Nærast perfekte kvardagssko frå Won Hundred – men som fyrst vert tilgjengelege våren 2011. AKK! Platforms er elskbare.


august 14 2010 - In: Ynskjeleg onepointhalf
Sofa. Danmark. Biltur med hengar. Repeat! Men forutan alt det smekre som fins i det flate landet, er denne nye modulserien frå IKEA ganske so spenstig. Spesielt i sennepsgul!

via lauritz.com
august 14 2010 - In: Livet, Reise onepointhalf
Heime frå ferie. Sol og varme, herlege syn og stemning, god øl, middelmådig mat, blått hav og nyting av livet – og gjerne ei veke til.
juli 28 2010 - In: Tips, Vakkert onepointhalf
Med handa på hjarta er det lenge sidan eg såg ein så fin film. Alle detaljane frå tidsepoken, skodespelarane, fargebruken, dialogane, stemninga – alt! Men samstundes er det ikkje så rart at ting fell i smak når det er Tom Ford som står for regien og produksjonsdesignet er utvikla av scenografane bak serien Mad Men.

via filmweb
juli 24 2010 - In: Ynskjeleg onepointhalf
Om eg hadde hatt ein macbook, så ville eg gjerne ha gøymt han i den enkle kuvertveska som Frida har fått tak i.
juli 16 2010 - In: Bloggtips, Foto onepointhalf
‘Garance is our daily bread’, vart det sagt av ein fransk moteredaktør i dette intervjuet – og det seier nok sitt. For koplinga mellom illustrasjonar og fotografi samt ei kul, fransk og moteinteressert kvinne, resulterer i den uendelege fine og personlege bloggen Une Fille Comme Moi. Og litt ekstra fint er det også at ho er kjærast med Scott Schuman, mannen bak The Sartorialist og bileta under.


